SISTE:
Trav24`s lesere taler...
Asbjørn Lognvik skrev 17.mars et leserinnlegg her på Trav24. Det ble også publisert i tgn nr 21. Dette ble uken etter besvart på lederplass i tgn med overskriften "Mørkemannen fra Flatdal". Vi kan dessverre ikke publisere utdrag av tgn-redaktørens tilsvar grunnet at tgn papir er en betal-tjeneste. Vi
publiserer her Lognviks svar til tgn-redaktørens uttalelser. Etter ønske fra Lognvik publiserer vi her hans svar.
Svar frå Mørkemannen
Eg synest det var ei spesiell vinkling Trond Gravdal Pedersen gav som tilsvar til meg i sin ledarartikkel i TGN 19/3. Eg føler meg ikkje særleg råka, Truls vrir på nokre formuleringar for å skade og henge ut meg på ein måte som han då synest eg fortener. Forøvrig vil eg for ordens skuld presisere at brevet det blir vist til, vart skrive og sendt inn til TGN ei veke før det nevnte styremøtet. TGN fann imidlertid ikkje plass til å trykke det.
Det er ei symbiose mellom travsporten og media; sporten treng media, vil gjerne ha eit godt forhold til media, og kan heller ikkje klare seg utan. TGN er ei spesialavis med tilnærma monopol og dermed stor makt innad i sporten. Då er det av stor viktighet at dei ikkje misbrukar makta. Det vil truleg bli ein lang debatt så eg let det ligge i denne omgang.
Eg har truleg uttrykt meg utydeleg når det gjeld valkomiteens utspill om ein open debatt føre valet. Eg synest det er spenstig og fornuftig å prøve nye vegar. Det kan vera med på å vitalisere organisasjonen å tenke over om dei personar me vel inn vil kunne ha avgjerande betydning for utviklinga av sport og næring.
Det var Terje Bøe som litt flåsete sa at valkomiteen hadde lagt vekt på å bytte ut gamle grå gubbar med unge kvinner. Det kan virke som at valkomiteen tek lett på eller ikkje forstår oppgåva si.
Valkomiteens arbeide er viktigare enn mange i fyrste omgang tenker over, og det vert spesielt krevjande i ein medlemsorganisasjon som DNT, som skal dekke eit vidt spekter med ulik kompetanse; det er ei foreining som skal drive forretning. Det er ein vanskeleg øvelse, men det er det me har. På plussida så oppveg den styrkje og entusiasme ein har blant travlagsmedlemene opp for manglande målretta effektivitet på forretningsida. Største faren er at midlane på ymse vis blir skusla bort undervegs og ikkje kjem formålet til gode.
Innanfor landbruk, og spesielt innan skogbrukssamvirket, finn vi mange eksempel på korleis eigarane blir utnytta og fullstendig gjort til husmenn i eige hus; på grunn av sløvhet og dumhet ligg vegen open for dei som er smarte til å utnytte situasjonen.
Av skade blir man klok men ikkje rik, er det eit utrykk som seier. Men skal valkomiteen gjera ein bra jobb, bør ein starte med å analysere dagens situasjon: Styrken og svakhetane til styremedlemene, og deretter gjennomgå den kompetanse ein oppfattar dagens styre innehar. Fyrst etter eit slikt arbeide bør ein starte opp sjølve persondiskusjonen.
Eg meiner det kunne vore til god hjelp dersom det vert laga ein mal for valkomiteen som kan bidra til at ein held seg til ein analytisk prosess der organisasjonens utfordringar skal danne grunnlag for valkomiteens arbeide. Alder ,kjønn, geografi og eventuell fartstid er ikkje det ein fyrst og fremst skal leite etter.
Personleg så har eg fleire gonger vore med og støtta opp og kvotert inn kvinner i styre, både lokalt og sentralt. Foreslo blant anna Toril G Huseby då eg sat som formann i DNTs valkomité.
Etter kvart så har me fått med mange dyktige kvinner, som på sine områder ikkje står tilbake for sine mannlege kollegaer. Utviklinga har vel gått i frå TGP på dette området, men du kan vel spørje kjeringi di om ho ville vore tilfreds med å bli valt på grunn av kjønn og ikkje dyktighet.
Mange kvinner i dag mislikar å bli valt inn på grunn av kjønn, og eg synest at me i 2009 til DNT styret bør stille krav til kvinner på lik linje med menn.
Me ser at mange kvinner er svært samvittighetsfulle, kunnskapsrike og dyktige til å trene og å behandle hest, dei er på full fart inn i sporten også i travlag og styrerom. Valkomiteen har også foreslege andre kvinner som utvilsamt er dyktige på sine område.
Skal ein forsøke seg på ei analyse av det styret valkomiteen foreslår, så manglar dei etter mitt syn den grunnleggande økonomiske / edruelege innsikten i sporten som til dømes Harald Einang er i besittelse av; det er ikkje nok at ein person kan økonomi og rekneskap. Eg trur heller ikkje kjemien i styret er slik at dei greier å stå saman og styre Norsk travsport på ein måte som vil gje framgang.
For å illustrere litt så har dei etter mitt syn problem med å ri den dagen dei salar, på grunn av at enkelte manglar nødvendig kunnskap. Problema byrjar når dei skal legge på salen: nokon kan det, men andre stolar ikkje på det, og må starte ein utredning - gjerne med innleigde konsulentar. Og før dei i det heile kjem så langt at dei får lagt på salen, er det fare for at hesten er i ferd med å daue.
Kunne og tenke meg eit meir praktisk retta og resultatorientert styre. Det kan verke som mange unge i dag med litt akademisk bakgrunn er meir interessert i prosessen med omfattande utredningar som pulveriserar ansvaret, enn i sjølve resultatet. Det har ikkje tråvsporten råd til.
Det ser ein ikkje minst blant politiske broilerar som har teorien og dei rette politiske meiningar, men manglar fullstendig praktisk innsikt; kartet stemmer ikkje med terrenget.
Når du utfordrar mørkemannens tankar om rekruttering så trur eg me har eit stort potensiale til å rekruttere blant alle dei ungjentene som skaffar seg ridehest. Det startar ofte med ein periode som stort sett foreldra ser verdien av og betalar for. Når den perioden er over så bør me prøve å lose dei inn i travsporten, ser spesielt verdien av montèsporten og ponnitrav i so måte.
Trur også det kunne vore intressant å prøva med galoppløp på travbanen.
Personleg så har eg den siste tida med god støtte frå DNT prøva å få etablert ei travsportsline ved Søve Landbrukskule i Telemark. Samt teke initiativ til rekruttering/treningssamling for unghest i regi TTF/Toto.
Har også vore pådrivar for hestesatsinga ved Dyrskun i Seljord, der vi også i si tid saman med DNT starta opp med hesteauksjon som vi så fekk påverka DNT til å vidareføre.
Men det størst løftet for rekruttering trur vil koma dersom ein får hest i næring på plass.
Det som bekymrar meg, og eg håpar sportens folk vil tenke over det når dei skal velje nye folk til styret, er økonomien i hestehaldet.
Dei to siste åra har omsetninga gjennom NR auka med ca ein milliard, noko Dørum og kompani i NR fortener ros for.
I same perioden har økonomien til det Norske hestehaldet reelt sett gått attende, det har vore ein del triksing med tal som ikkje er rett.
NR og sentralorganisasjonen i DNT forbrukar stadig meir midlar sentralt, dei synest å ha forholdsvis liten omtanke for breidda i sporten.
I det siste har det vore mykje kritikk av Norsk avl, det virkar ikkje særleg positivt og det bør truleg brukast ein del midlar for å stimulere avlen. Det blir vanskeleg å rekruttere nye hesteeigarar dersom det ikkje er liv laga for dei som allereie er i sporten.
Strategidokumentet trav 2015 er ein katalog på 22 sider med gode ønskjer.
Eg trur me må konsentrere oss om få konkrete og oppnåelege mål.
Skal det vera noko framgang i Norsk tråvsport så må 10% av brutto omsetning koma hestehaldet til gode.
Meiner også sporten må organiserast slik at det er betre kontakt Forbund / DS og DNT slik at me blir herre i eige hus.
Flatdal 22/3 Asbjørn Lognvik
Les også Lognviks første innlegg
Kommentarer (1)
Trav24 forbeholder seg retten til å ikke publisere useriøse kommentarer.
Kommentarene publiseres ikke før de er godkjent av Trav24.
Er Valgkomiteen god nok?
Logg inn eller opprett en brukerkonto for å skrive kommentarer.
NB: Det er gratis å registrere seg!



Siste kommentarer
» Kommer alle veier
» Nå dumpes hestene som søppel...
» Timoko kommer ikke
» Feil fokus
» Sikkert som sædbanken
» Tredjespår går också bra
» Under 1:11
» Frrench drivers SUCK
» Best EVER
» Pacerblod i travhester
» Alle kommentarer