SISTE:
Svar til Kvinnefronten / Val i DNT.
Har på ny lese gjennom det stykket eg skriv og som stod i TGN nytt 17/3 og Trav24 om val i DNT. Som eg ser det med kritisk blikk i ettertid så er det formuleringar som kunne vore betre, og dersom ein legg vrangviljen til kan det tolkas som Fanden les Bibelen, og det har då Truls Gravdal Pedersen
vore svært behjelpeleg med, visar til svar frå Mørkemannen i TGN 24/3 og Trav24.
Les også: Svar fra Mørkemannen
Det er uheldige dersom dette vert ein kjønnsdebatt. Eg beklagar dersom det eg har skrive blir oppfatta som ei nedvurdering av kvinner, det er ikkje min intensjon, tvert i mot.
Eg kjenner til dei fleste som har skrive under og har stor respekt for det dei står for og det dei utfører for Norsk tråvsport, sjølv om eg i dette tilfelle synest de er svært ømskinna og skyt over målet.
Eg har vore av den oppfatning at kvinnenes inntog i sporten gjev grunn til optimisme på sportens vegne. De har ein annan tilnærmingsmåte til hest og sport en menn, og står for andre verdiar. I so måte så er det å slå inn opne dørar. Men eg synest de bør stillas same krav til kvinner og menn i et styre.
Blir litt betenkt når eg ser måten de opptrer på i denne saka, og veit ikkje kven som har skrive dette stykket. Er det slik at det er ei eiga kvinnegruppe? Er den initiert frå nokon i DNT styret?
Som eg ser det så er kvinnene ønska og blir tekne på alvor. Det skulle vore eit obligatorisk kurs i styrearbeide etter kvart val for alle nye styremedlemer, der ein blir orientert om saksgang, arbeidsformer og ansvar, rollene til styre og administrasjon, også i forhold til media. Alle gjer feil det er lov å vera ueinige utan at ein treng bli uvenner og så splid innad.
På tross av kvinnenes inntog i sporten er eg opprektig bekymra for DNT organisasjonens framtid, eg trur ein med forholdsvis enkle grep kan få ein organisasjon som heng betre saman. Desværre skar organisasjonsprosjektet ut slik at det etterkvart stranda.
Men bare til eksempel et slikt enkelt grep som ei elektronisk postkasse på heimesida til DNT som under visse føresetnader er open for medlemene, vil kunne gjera organisasjonen meir open og robust.
Slik det er no, og var også på Sverre Stang si tid, så er det redaktøren i TGN. (Ei privateigd avis,) som langt på veg trekker i trådane og manipulerar og forsøker å styre Norsk travsport. Det virkar av og til som Truls er regissør i eit dokketeater.
Eg har starta ein debatt som eg veit eg ikkje kan vinne i TGN nytt, men som eg likevel trur er nødvendig. Ute i organisasjonen veit ein lite om kva som forgår, bortset frå det media set søkelys på. I DNT er det stort sett einvegskommunikasjon og medlemene mister interessa. Dei fleste er mest interessert i å stelle med hest, og avgrensar seg til å klaga litt internt i staden for å engasjere seg og prøve å gjera noko med problema.
Eg trur det er nødvendig at nokon tek bladet frå munnen og seier frå, når ein er ueinig og ser ting bers gale i veg. Dersom ein ønskjer å avlede oppmerksomheten frå sak, og kvele ein debatt så er det ein effektiv å velprøva taktikk og gå på person og ikkje sak. Eg blir stempla som: kvinnefindlelg, middelaldersk, gamal og grå og kjempekonservativ. Alt er relativt, men grå i håret er utvilsamt rett.
Når det gjeld val så må ein analysere styret og gå etter ønska kvalifikasjon ut frå kva mål organisasjonen prioriterar. Ofte så veit vi lite kva nye personar står for, kva dei synest er viktig og vil prioritere.
Eg forstår godt valkomiteens ønskje om fornying, det er betydeleg frustrasjon i heile DNT organisasjonen. Men eg tillet meg å tvile på at nye personar i styret som ikkje har nemneverdig kjennskap til denne kompliserte og mangfaldige spekter DNT skal dekke er i stand til å fornye organisasjon. Dei fleste nye treng som regel fleire år, før dei er i stand til å gjera nemneverdig nytte for seg, utover dei kvalifikasjonar dei har frå før. Mollekleivprosjektet vart drege i gang for å prøve å betre organisasjonskulturen. Etikk og moral, eller kanskje ikkje moral var med? Prosjektet har sikkert noko for seg, men eg trur ikkje dei har vore ved kjernen av problema, og då er det vanskeleg å lykkas.
Eg trur heller ikkje styret blir særleg handlekraftig dersom det er tri til fire personar på opplæring, og ein i tillegg manglar folk med tilstrekkeleg økonomisk innsikt i sporten. God og fornuftig økonomistyring er avgjerande for at vi skal lykkas med å utvikle sport og næring.
Valkomiteen legg vekt på ungdomleg pågangsmot og kvinner.
Eg tillet meg likevel å stille spørsmålsteikn ved, praktisk kunnskap, habilitet, økonomisk sannferdighet og innsikt når det gjeld den rolla Merete Johnsen er tiltenkt i DNT styret.
For å anskueleg gjera dette vil eg dvele litt ved prosjektet, Bestemorenga og nye Bodø Travbane.
Etter dei opplysingar eg har som medlem i DU utvalet, ligg banen i et øyde myrområde langt frå folk, med dårleg veg fram, vegen er så smal at det er problem å møtas med hestetransport.
Området består av djup myr frå fire meter og oppover. Det er til no lagt ned kr 4.719.000 frå fellesskapets midlar i anlegget, i tillegg har Bodø Travklubb hatt gode krysspill inntekter gjennom mange år. Så totalt sett så kan de sjå ut som det har vore bruka mellom 8 og 10 millionar på et anlegg som ikkje er brukleg.
For dei som ikkje har kunnskap på dette området, så vil eg bare nemne, at myr er et organisk materiale som eterkvart som den blir drenert og får luft så sekk den saman og blir til jord, i djup myr så er dette er ein langsam og variabel prosess som nok vil vare ved lenge etter at vi som lever i dag er under torva. I praksis så vil det sei at eit slikt baneanlegg heile tida er utstatt for endringar og kostnader. Til nytt Toto anlegg er området ikkje egna.
Til samanlikning så kan ein litt tilfeldig geografisk nemne at Orkdal har fått kr 540.000 av DU midlar. Haugaland 280.000. Bø Travbane 500.000 Kongsvinger 440.000 Kala 750.000. DU midlane dekker ca ein tredjedel av kostnadene. Så for begrensa DU midlar har dei laga som her eksempelvis er nemnt, fått til flotte anlegg. Tromsø har ny flott bane, finansiert med krysspilmidlar, men manglar foreløpig hest.
No vil Bodø Travlag og NNTF.ved Merete Johansen og Terje Bøe bygge ny travbane på tvers av den gamle på same myrområdet. I følgje Terje Bøe er det ikkje problem for dei har ekspertar til å rekne, laga kostnadsoverslag og anbod. Dei får som kjent ny Toto bane rasande billig. 16,5 mill var fyrste anslaget det er no visstnok juster til over 20 mill. Då skjønar eg at me dustemiklane nede på Klosterskogen som også har rekna på nytt Toto anlegg på et ideelt flatt område, beståande av silt og sand må ut med ca 80mill, me må få alliere oss med reknemesterane frå Bodø.
Når Merete Johansen sto på Generalforsamlinga i fjor og fekk stor applaus for at ho fekk ny travbane dekt av offentlege midlar, så var ikkje dette rett. Det vitnar ikkje om mykji respekt for organisasjonens øverste organ å villede den slik det vart gjort her. Når dette kom for ein dag så hadde ho dersom eg oppfatta dette rett, den glimrande ideen att travets andel kunne dekkas av premifondet som dei respektive DS har ståande hjå NR. Det betyr med reine ord at ho meiner dei andre driftsselskapa skal finansiere ny travbane i Bodø. dette vitnar om mangel på kunnskap.
Det har bevist vorte satsa på å bygge opp travsporten i Nord Noreg. Toto Nor og Harstad Travpark har et stykke igjen før dei har tilstrekkeleg hestematriale. Truleg vil det vera klokt og sjå an utviklinga før ein med DNT og NRs hjelp går på nye prosjekt.
Nord Noreg får 1,6 mill ekstra årleg frå DNT/NR. Kr 400.000 er DU midlar, resten er øyremeka til premikjøring og lokalkjøring med pengepremiar.
Omsetninga i Toto Nor visar at Harstad har et stykke veg å gå på det sportslege plan før dei har godt nok spilleprodukt, sjølv med mange utanlandske hestar.
Samanlikna med resten av landet så synest det å vore ei noko ukritisk og slepphendt bruk av midlar i delar av NNTF ansvarsområde.
Eg trur at DNT gjennom ein godt rejisert prosess leda av valkomiteens formann står ovanfor et spil som skal lede fram til ny travbane i Bodø, med dei betydeleg kostnader dette vil påføre fellesskapet
Eg har blive overbevist om at det framleis er ein ukultur i DNT styret. Manglande habilitet, lekkasje, fraksjonsverksemd som kan tolkast som mistillit til eige styre er svært alvorleg.
Dette må takas på alvor og ryddas opp i. Ein så stor og viktig organisasjon må ha et ryddig og handlekraftig styre som arbeider for felles mål.
Flatdal 31 03 09 Asbjørn Lognvik.
Dette leserinnlegget er også sendt Trav- og Galopp Nytt.
Kommentarer (7)
Trav24 forbeholder seg retten til å ikke publisere useriøse kommentarer.
Kommentarene publiseres ikke før de er godkjent av Trav24.
Ny travbane Bodø / Salten
Krysspill
Longvik hold deg til fakta
Trav i Nord
Takk Lognvik !
På tide noen tør si noe
HVA ER DET SOM "RIR" DEG ??
Logg inn eller opprett en brukerkonto for å skrive kommentarer.
NB: Det er gratis å registrere seg!



Siste kommentarer
» Kommer alle veier
» Nå dumpes hestene som søppel...
» Timoko kommer ikke
» Feil fokus
» Sikkert som sædbanken
» Tredjespår går också bra
» Under 1:11
» Frrench drivers SUCK
» Best EVER
» Pacerblod i travhester
» Alle kommentarer