SISTE:
Reisestøtte i Sør og Vest
Til DNT/ NR ved sportssjef Trond Gravdal. Uheldig og lite gjennomtenkt. For å avhjelpe tynne løp på Sørlandet – Forus og Bergen har DNT og NR gjeve tilslutning til å yte frakttilskot til desse banane i februar og mars. Men bare til dei
hestar som er heimehøyrande i desse regionane.
Tanken er god og ein forstår problemet med tynne og dårlege spilleløp. Årsaka til det er samansett men hovudproblemet er lite satsing og dårleg premiering til kvardagstravet, det undergrev framtida til travsporten, utan at eg i denne omgang skal gå nærmare inn på det.
Med den premieringa til dømes Sørlandet stort sett opererar med så er det bare dei tri fyrste i mål som dekker meir en kostnaden ved å starte dersom ein har litt reiseavstand.
Konsekvensen av denne forskjellsbehandlinga kan bli at mange av desse hestane som ikkje er heimehøyrande i regionen ikkje kjem, men heller står heime. Eit frakttillskot vil vera ei oppmuntring til å starte på denne årstida.
Reint prinsipielt og for å utvikle travsporten så er det heilt nødvendig med ei tilnærma likebehandling i ein økonomisk medlemsorganisasjon som DNT. Travsporten er full av særinteresser og derfor er det svært viktig at likhetsprinsippet gjeld i alle samanhengar. Dersom ein vil dispensere frå dette må det forankras i organisasjonen.
Det er truleg Sørlandets Travpark som vert mest uheldig berørt av dette vedtaket. I og med dei også har mange starthestar austfrå med lang reiseveg, og som ikkje får transportstøtte. Ser det heller ikkje som uheldig dersom dette kunne føre til at til dømes Jarlsberg må heve premiane sine.
Vil be om at dei berørte partar vurderar denne saka på ny, og eventuelt gjev frakttillskot til alle med ein viss reiseavstand.
Mvh Asbjørn Lognvik
Kommentarer (1)
Trav24 forbeholder seg retten til å ikke publisere useriøse kommentarer.
Kommentarene publiseres ikke før de er godkjent av Trav24.
På riktig spor
Logg inn eller opprett en brukerkonto for å skrive kommentarer.
NB: Det er gratis å registrere seg!



Siste kommentarer
» Kommer alle veier
» Nå dumpes hestene som søppel...
» Timoko kommer ikke
» Feil fokus
» Sikkert som sædbanken
» Tredjespår går också bra
» Under 1:11
» Frrench drivers SUCK
» Best EVER
» Pacerblod i travhester
» Alle kommentarer